Alkoholdebatt: “Nihil de nobis, sine nobis”

  • Bjarte Johansen, erfaringskonsulent og styrerepresentant i Gjenklang

    Morten Sommerbakk, medarbeidar i Gjenklang og erfaringskonsulent på Huset

    Kristian Lindseth, medarbeidar i Gjenklang og musikkpedagog i Avdeling for rusmedisin (AFR)

    Øystein Lydvo, styreleiar i Gjenklang og musikkterapeut ved Bjørgvin distriktspsykiatriske senter (DPS)

TV2-saka «Skjenket alkohol til rusavhengige på overdosedag» om festivalen SKRANGLEFEST genererte alkoholdebatt i den lukka Facebook-gruppa «Musikkterapeuter i psykisk helse- og rusfeltet». Gruppa har 242 medlemer og består av musikkterapeutar som jobbar eller har jobba i feltet. Eg, musikkterapeut Øystein Lydvo, føreslo å flytte alkoholdebatten til eit forum der brukarar kunne delta, men fekk ikkje gehør for dette i gruppa. Saman med erfaringskonsulentane Bjarte Johansen og Morten Sommerbakk og musikkpedagog Kristian Lindseth har eg difor skrive dette lesarinnlegget, som fyrst og fremst skal få fram brukarperspektivet i saka. Teksten er også eit tilsvar på Krüger, Solli og Tuastad sitt innlegg «Hvordan skal vi som fagfelt forholde oss til temaet skjenking av alkohol på konserter der musikkterapien spiller en rolle?» [klikk her for lenke til deres innlegg].

Les også:

Me fire som har forfatta denne teksten utgjer eit tverrfagleg team med lang erfaring innan felta psykisk helse, rus- og kriminalomsorga som tenestebrukarar, musikkterapeut, musikkpedagog og konsertarrangørar. Inntrykket vårt er at mange av dei som meiner noko om alkoholservering på musikkterapikonserter ikkje er til stades på arrangementa eller har kontakt med deltakarane. Me jobbar i praksisfeltet og har jamleg kontakt med tenestebrukarar av musikkterapi. Me deltek også på det meste av musikkterapirelaterte konsertarrangement i byen, anten som artistar, helsearbeidarar eller publikum og var også til stades på SKRANGLEFEST. Denne teksten er tufta på praksiserfaringane våre frå musikkterapifeltet, som skriv seg tilbake til byrjinga av 2000-talet.

Kan negativ mediemerksemd få konsekvensar for tildeling av midlar?

Framføringsbasert musikkterapi er gjerne den delen av faget som får mest mediemerksemd, då gjerne gjennom «solskinshistorier». TV2-saka er så vidt me veit den fyrste tabloid-saka om musikkterapi, og det er vanskeleg å sjå føre seg ringverknaden av denne saka. Krüger, Solli og Tuastad spør seg om synleggjering av alkoholservering på musikkterapikonserter i media kan få konsekvensar når ein skal søke midlar. Me har vore med på å søke midlar til musikkterapiarrangement i nær 20 år, og det har aldri vore spørsmål om me har alkoholservering på arrangementa våre. Eg vil tru at dei som tildeler midlar har tillit til arrangør og søkjar sine vurderingar her. I staden for å spørje om arrangementet har alkoholservering bør dei heller undersøke om komiteen har brukarmedverknad. Det er likevel viktig, som Krüger, Solli og Tuastad skriv, å ha strategiar for å møte tabloide medieoppslag og at arrangementa er forankra i leiinga.

Skal brukerperspektivet involverast i spørsmål om alkoholservering?

Krüger, Solli og Tuastad meiner at me som musikkterapeutar ikkje kan belaste brukarane med å avgjere om konsertane våre skal ha alkoholservering og dei konkluderer med at avgjerslene bør takast i tverrfaglige fagteam. Me vil minne om at brukarmedverknad er lovfesta og at det aukar treffsikkerheita til tilboda våre. Dette betyr ikkje at brukaren er ansvarleg for vala som skal takast, men at ein god dialog mellom brukar og fagutøvar er ein føresetnad for å få til et så godt tilbod som mogleg (Helsedirektoratet, 2023). Ordtaket frå overskrifta, «nihil de nobis, sine nobis», er latinsk og betyr «ingenting om oss, utan oss». Sidan 1500-tallet har dette vore eit kamprop for grupper som kjenner på utanforskap. Slagordet vart populært under andre verdskrig då München-avtalen vart underteikna utan at Tsjekkoslovakia var til stades. I 2021 vart ordtaket igjen teke i bruka av Verdas helseorganisasjon, då dei publiserte ein guide som tilrår at barn og ungdom vert involvert i avgjersleprosessen for helserelatert politikk som vedkjem unge menneske (Verdas helseorganisasjon, 2021). Med bakgrunn i Helsedirektoratet og Verdas helseorganisasjon sine tilrådingar meiner me at det ikkje kan vera tvil om at tenestebrukarane skal involverast i spørsmål om alkoholservering.

Bryt musikkterapeutane etiske retningslinjer når alkohol er involvert i relasjon med tenestebrukarar?

Dette er kanskje det største og viktigaste spørsmålet i debatten. Krüger, Solli og Tuastad viser til nye nordiske anbefalingar for alkohol som seier at liten eller null inntak er det beste for helsa, og meiner at slike råd gjev implikasjonar for korleis me vurderer musikkterapikonserter. Ei slik føring frå musikkterapeutane med referanse til Helsedirektoratet sine retningsliner kan av tenestebrukarane  opplevast som overformynderi, moralisering og frårøving av autonomi. Me er alle ansvarlege for våre liv og våre val. For tenestebrukarane er dette ansvaret ein naturleg menneskerett som dei ynskjer å verne om. I FN-konvensjonen om rettigheitar til menneske med nedsett funksjonsevne er hovudprinsippa at alle menneske med nedsett funksjonsevne skal ha like moglegheiter, råderett, fridom og rett til full deltaking i samfunnet. Konvensjonen vektlegg at psykisk helsevern skal vera tufta på respekt for individet sine rettigheiter, autonomi og verdigheit (Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet, 2008). Å forhindre sal av alkohol i eit konsertlokale som vanlegvis sel alkohol kan av tenestebrukaren opplevast som frårøving av valmoglegheit og autonomi, og mangel på respekt for deira individuelle val og handlingar, noko som i seg sjølv er stigmatiserande. Musikkterapeuten bør difor hjelpe tenestebrukarane til å ta gode val framfor for å avgrense valmoglegheitene deira.

Krüger, Solli og Tuastad meiner at alkoholservering på arrangement der musikkterapeutar står ansvarleg er problematisk fordi mange brukarar av musikkterapitilbod har eller har hatt problem med alkohol og andre rusmiddel. Å arrangere konserter med alkoholservering vil i verste fall kunne bidra til auka russug og fare for tilbakefall eller sprekk for nokre brukarar. Demokratiske verdiar står på spel når yrkesutøvaren vert sett til å tolke regelverket på eiga hand, overlatt til vegleiarar og retningsliner, seier dei, og brukar omgrepet gatenivåbyråkrat om musikkterapeuten som skal handheve lovverket på vegne av staten. Det er riktig at musikkterapeuten i tråd med Helsepersonellova har eit stort ansvar i det å vurderer kva som er rett eller galt. Dette ansvaret meiner me kan innebere det å vurdere kva tenestebrukarar ein kan engasjere på ein konsert med alkoholservering og kven ein heller bør ta med på alkoholfrie arrangement. Moglegheita til å vera på ein utestad med alkoholservering innanfor trygge rammer er viktig for nokre av tenestebrukarane i rusomsorga. Mange fortel at dei har hatt ei stor meistring med det å vera på ein utestad edru under eit musikkterapiarrangement. Etter at dei har gjort dette i saman med musikkterapeut nokre gonger, har dei kunne overføre erfaringane til andre byturer, og «byen er ikkje så farleg lenger». Musikkterapikonserter med alkoholservering kan med andre ord vera ein viktig treningsarena for tenestebrukarar med rusproblematikk.

Skranglefest – storm i vassglas eller bris i ølglas?

Det er lang tradisjon for å arrangere musikkterapikonserter på regulære byscener med alkoholservering i Bergen. Også på SKRANGLEFEST var det mogleg å kjøpe alkohol i baren. Me var på festivalen og sat igjen med inntrykk av at konserten var ei stor oppleving både for artistar og publikum og at arrangementet var svært vellukka. Difor vart me overraska når den klikkvenlege TV2-nettsaka «Skjenket alkohol til rusavhengige på overdosedag» dukka opp på Facebook 18. september, nær ein månad etter arrangementet. Journalisten bak saka hadde snakka med folk som ikkje var på arrangementet, mellom anna tilsette i Bergen Kommune. Dei meinte helsearbeidarane på arrangementet dreiv med dobbeltkommunikasjon, sidan dei serverte øl på ein konsert som skulle markere verdas overdosedag. På Bergen Kommune si nettside kunne ein før arrangementet finne fylgjande førehandsomtale av festivalen: «Festivalen Skranglefest vil gi et annet bilde av rusavhengige» [klikk her for lenke til saken]. Arrangørane ynskte at festivalen skulle vera ei motvekt til det negative narrativet rundt rusavhengigheit. Ved å inkludere rusavhengige i planlegginga og gjennomføringa, ville Skranglefest bidra til å synleggjera deira ressursar og redusere stigma. Festivalen hadde med andre ord god brukarmedverknad og hadde mellom anna som mål å redusere stigmatisering rundt menneske med rusavhengigheit. Me ynskjer ikkje å legge oss bort i evalueringa av dette arrangementet, men ser ein viss fare for at tenestebrukarane kan oppleve dobbelkommunikasjon rundt omgrepet avstigmatisering, dersom det vert konkludert med at det ikkje skal serverast alkohol på ei regulær scene.

Sekstrinnsmodellen

Innleiingsvis seier Krüger, Solli og Tuastad at det etter 20 år med musikkterapirelaterte konsertarrangement er grunn til å spørje seg kva konserten sin funksjon og rolle er, og ikkje minst kva som er musikkterapeuten sitt ansvar når det gjeld det å ta ansvar for tenestebrukarar og deira forhold til alkohol. Tretrinnsmodellen er på god veg til å etablere seg i Bergen og har vorte ein nyttig arbeidsmodell for mange musikkterapeutar innan felta psykisk helse, rus- og kriminalomsorga (Lydvo, 2017). Kanskje kan ein liknande trinnmodell innanfor framføringsbasert musikkterapi hjelpe musikkterapeuten til å finne ut kva konserten sin funksjon og rolle er og om ein skal ha alkoholservering på arrangementet? Ein sekstrinnsmodell i framføringsbasert musikkterapi i Bergen kan då sjå slik ut:

  1. Konsert på klinikk.

  2. Konsert på aktivitetshus/kulturhus.

  3. Konsert på regulær scene som skal markere noko, t.d. Rockovery og SKRANGLEFEST.

  4. Konsert på regulær scene som ikkje skal markere noko, t.d. Gjenklang.

  5. Konsert på regulær scene som er open for alle, men med forsterka scene t.d. Pøbelscenen.

  6. Regulær konsert utan tilknyting til musikkterapi, t.d. Søndagsjammen på STEREO.

© Lydvo 2023

Ulike arenaer for musikkterapiarrangement

Me tykkjer lesarinnlegget til Krüger, Solli og Tuastad  til tider framstår som moraliserande og stigmatiserande, og at teksten manglar konsensus. Det er vanskeleg å få tak i kva desse tre musikkterapeutane eigentleg meiner om skjenking av alkohol på konsertar der musikkterapi spelar ei rolle. På den eine sida vektlegg dei verdien av det å delta på normaliseringsarenaer for tenestebrukarane, medan dei på den andre sida seier at arrangøren i solidaritet med dei som kan få russug bør unngå alkoholservering, sjølv om dette gjeld eit fåtal av deltakarane på konserten. Det ville  nok vore utfordrande for desse tre å arrangere ein konsert i saman med så sprikande haldningar. Ei presisering frå skribentane hadde vore på sin plass, anten i saman eller kvar for seg.

Me meiner det er behov for musikkterapikonserter både med og utan alkoholservering. Det å forhindre alkoholservering på regulære scener kan opplevast som stigmatiserande og diskriminerande for myndige tenestebrukarar. Difor bør alkoholfrie konserter primært arrangerast i lokaler som ikkje kan tilby alkoholservering. Artistar som ikkje ynskjer å eksponere seg for alkoholservering kan ein engasjere på alkoholfrie arrangement, medan musikkterapeuten kan spele med artistar utan rusproblem, eller som ynskjer å trene seg på å gå edru på konsert, på regulære scener med alkoholservering. Det er også grunnlag for å tru at den samfunnsmusikkterapeutiske effekten, å styrke sosialt nettverk gjennom kulturell deltaking i samfunnet, kan vera større på regulære scener i bysentrum enn på lokale kulturhus og liknande lokalar i bydelane (Lydvo, 2017)

Forsterka eller skjerma scene

Vår haldning er at ein bør hjelpe tenestebrukarane til å ta  gode val, og med det vise respekt for deira rettigheiter, autonomi og verdigheit. Gjennom å avgrense valmoglegheitene deira risikerer me det motsette; å frårøve dei desse verdiane. Gjenklang sitt formål er å skape kulturtilbod med trygge rammer for artistar og andre med tilknyting til musikkterapi. På konsertarrangementa vår har me ei forsterka scene som skal trygge artistane, i staden for ei skjerma scene som skal avgrense dei. Til slutt vil me oppmode til forsking på emnet og slik at me i større grad får vite kva tenestebrukarane meiner i denne debatten. «Nihil de nobis, sine nobis» - ingenting om oss, utan oss.


Bjarte Johansen, Morten Sommerbakk, Kristian Lindseth, Øystein Lydvo

Bjarte Johansen – styrerepresentant i Gjenklang

Morten Sommerbakk – medarbeidar i Gjenklang og erfaringskonsulent på Huset

Kristian Lindseth – medarbeidar i Gjenklang og musikkpedagog i Avdeling for rusmedisin (AFR)

Øystein Lydvo – styreleiar i Gjenklang og musikkterapeut ved Bjørgvin distriktspsykiatriske senter (DPS)

Forrige
Forrige

Musikkollektivet DNA?AND? og MoE fikk TONOs EDVARD-pris

Neste
Neste

Alkohol, brukermedvirkning og musikkterapi