– Vi må bu oss på kraftig vekst
Av:
Brynjulf Stige
Leiar for Polyfon kunnskapsklynge for musikkterapi.
Publisert 14.05.2025
Når kjem vi dit at vi må utdanne 100 musikkterapeutar årleg (og kva gjer vi då)?
Eg vil argumentere for at norsk musikkterapi bør utvikle beredskap for å auke utdanningskapasiteten kraftig, i retning 100 kandidatar per år. Det kan ikkje skje på kort sikt, men skal det vere likeverdig tilgang til musikkterapi i heile landet, må vi ha ein heilt annan utdanningskapasitet enn vi har i dag. Etter mi vurdering treng vi også beredskap for rask vekst i utdanningskapasiteten. Heile profesjonen må då bu seg på ei endring, ikkje «berre» utdanningsinstitusjonane. Eitt av poenga mine er difor at det i åra framover vert viktig at musikkterapeutane i endå større grad sluttar opp om interesseforeininga NFMT og fagforeininga Creo, for å gje profesjonen nødvendig organisasjonstyngde.[1]
Når eg i denne framstillinga refererer til eit «vi», tenkjer eg på heile profesjonen. Det er ikkje gitt at NMH og UiB kunne hatt ein høgare utdanningskapasitet i musikkterapi enn det dei har akkurat no. Dei to utdanningsinstitusjonane har brukt mogelegheiter for utviding når dei har oppstått, t.d. under koronaepidemien. Innlegget er difor ikkje intendert som ein kritikk av desse to institusjonane, men som ei oppmoding til heile profesjonen om å setje temaet utdanningskapasitet på kartet på ein annan måte enn det som har vore tilfelle så langt.
Vi les og høyrer at somme musikkterapeutar kan streve med å få seg jobb. Løftar vi blikket til samfunnsnivået, ser vi samtidig bekymring for at det vert utdanna for få musikkterapeutar. Eg møter dette nesten dagleg i arbeidet med kunnskapsklynga Polyfon, som har nasjonal oppskalering i bruken av musikkterapi som ei av sine målsetjingar. Når eg snakkar med leiarar i kommunar eller helseføretak, får eg ofte høyre formuleringar som «jau, musikkterapi er interessant, og vi har tenkt på det, men er det ikkje veldig vanskeleg å få tak i musikkterapeutar i vår region?» Dette reflekterer det stadiet profesjonen vår er på: Det er ein uferdig og liten profesjon og musikkterapi er enno ikkje implementert systematisk nasjonalt. Då vert det krevjande å vere jobbsøkjar, samtidig som det vert krevjande for tenestene å rekruttere kompetente søkjarar. Det vert ein slags vond sirkel.
Situasjonen kan endre seg. Musikkterapi er tilrådd i fleire nasjonale faglege retningslinjer. Helsetenestene treng fornying. Store brukargrupper er positive og ønskjer seg musikkterapitilbod. Ulike aktørar arbeider med strategiar for nasjonal implementering. Når/dersom ein lukkast, viser erfaringar frå andre profesjonar at veksten truleg vil verte rask. For å ha beredskap for handling når behovet oppstår, treng vi difor å snakke om både utdanningskapasitet, kvalitet og regional fordeling.
Eg etterlyser difor eit større engasjement blant musikkterapeutar for slike diskusjonar. Når det er sagt: Eg ser og er inspirert av den store viljen til innsats i og for norsk musikkterapi. Eit eksempel er dei ca. 50 musikkterapeutane frå Kristiansand i sør til Tromsø i nord som har engasjert seg i det nasjonale rekrutteringsnettverket for musikkterapi som Polyfon har initiert. Deira innsats er ein del av det som kan gjere oppskalering av nasjonal utdanningskapasitet mogeleg, den dagen det vert nødvending.
Implementering i eit offentleg finansiert helsevesen
NRK-serien Demenskoret har gjort at mange har vorte merksame på musikkens helsepotensial. Plutseleg har det dukka opp 170 demenskor her i landet, dei fleste med ein musikkterapeut i ei eller anna rolle. No har ikkje dette gitt så mange faste, fulle stillingar rundt omkring i kommunane, men det at vi plutseleg får 170 demenskor er likevel eit godt eksempel på krafta i nasjonale endringsprosessar. Kva om dette eksempelet peikar framover? Kan vi oppleve raske endringar også på andre område?
Lat oss ta psykisk helsevern som eksempel. Før 2013 kunne du telje musikkterapeutstillingane i denne sektoren på ei hand. Bak kvar stilling kunne det liggje årevis med hardt arbeid nedanfrå og opp. I 2013 kom dei første tilrådingane av musikkterapi i nasjonale faglege retningslinjer frå Helsedirektoratet. Det etablerte ei opning for at ting kunne skje på andre måtar. No har ikkje det førebels ført til rask nasjonal implementering, men det kan kome og det har skjedd somme stader. I 2017 gjorde t.d. divisjonsleiinga i Helse Bergen vedtak om implementering av musikkterapi på alle klinikkar for psykisk helse. Brått vart det lyst ut musikkterapeutstillingar ved DPSane, Psykiatrisk Klinikk og Klinikk psykisk helsevern for barn og unge i dette helseføretaket, til saman nesten 10 fulle stillingar. Kva ville vere situasjonen om norsk musikkterapi lukkast i arbeidet med å få dei fleste helseføretaka i landet til å følgje dette eksempelet, eit eksempel som altså handlar om å følgje nasjonale retningslinjer? Vi ville ha ein dramatisk mangel på musikkterapeutar i landet vårt.
Musikkterapeutane sin innsats for å byggje stillingar nedafrå og opp vil alltid vere viktig, men når/dersom vi i tillegg får nasjonale implementeringsprosessar ovafrå og ned, vil utviklinga gå mykje raskare enn den har gjort så langt. Det norske helsevesenet er offentleg finansiert og likeverd i tilbod er eit grunnprinsipp. Det betyr at profesjonar har ein tendens til å vekse fort, dersom dei først vert «tatt inn i varmen». Litt satt på spissen: Til mindre ein profesjon er, til mindre tilgang er det på jobbar og utviklingsmogelegheiter. Psykologprofesjonens vekst er kanskje det tydelegaste eksempelet på dette. Så lenge det berre var nokre hundre psykologar i Noreg, noko det var i fleire tiår, strevde desse ofte med å få seg jobb. Etter at både spesialistutdanning og autorisasjon var på plass i 1973, byrja ein rask vekst. I dag er det nærare 12 000 psykologar her i landet, og vi les stadig om mangel på psykologar i ulike tenester.
Eg har inga førestilling om at musikkterapeutprofesjonen kjem til å oppleve vekst i same skala som psykologprofesjonen har gjort, men ein likskap i vekstmønsteret er sannsynleg. I eit offentleg finansiert helsevesen er det vanskeleg å sjå føre seg at ein profesjon kan halde fram med å vekse sakte i all framtid, med mindre det er ein svært spesialisert profesjon, noko musikkterapi ikkje er. På eit punkt kjem det ei vending med raskare vekst basert på leiarforankra vedtak om systematisk implementering ovafrå og ned. Alternativet er at utviklinga går den andre vegen og fagfeltet vert marginalisert.[2]
Har vi ikkje nok utfordringar allereie?
I arbeidet med dette innlegget har eg kjent på at det kostar litt å skrive fram eit argument om at vi må bu oss på kraftig vekst. Vi står som samfunn framføre mange økonomiske utfordringar, m.a. knytte til klimakrise, demografiske endringar og sterk auke i forsvarsutgifter. Det er lite som tydar på at det vil verte flust med midlar innan høgare utdanning i åra som kjem. Mange stader kjempar fagtilsette og leiarar allereie harde kampar for å unngå for store skadelege kutt. Musikkterapiutdanningane kjenner også på denne type utfordringar. Er det ikkje då litt på sida å kome med eit argument om at vi må bu oss på kraftig vekst? Eg har kome fram til at det ikkje er det, og vil prøve å forklare kvifor.
Nedskjeringstider er også omstillingstider. Det er ikkje slik at alle initiativ om profesjonsutdanningar vert lagt til sides i slike tider. Det kan av og til vere tvert om. Tar vi profesjonsutdanning i psykologi som eksempel. I ca. 30 år har det vore fire profesjonsutdanningar i psykologi i Noreg, nemleg ved UiO, UiB, NTNU og UiT. Nettopp i dei omstillingstidene vi er inne i, kjempar så mykje som fire nye universitet no om å få etablere profesjonsutdanning i dette faget. Også små profesjonsgrupper, som logopedane, arbeider systematisk med ein kraftig auke i nye studieplassar.
Dette viser ikkje i seg sjølv at det er relevant å ta initiativ for ein auke i nasjonal utdanningskapasitet i musikkterapi, men det viser at det ikkje er utenkjeleg å gjere det. Og det vert relevant dersom helsetenestene byrjar å implementere nasjonale tilrådingar systematisk og dersom vi lukkast med å overtyde politikarar om at implementering av musikkterapi er samfunnsøkonomisk lønsamt.
Utdanningskapasitet handlar ikkje berre om utdanning, men heile profesjonen
Polyfons årsmelding for 2024 (s. 27) viser at det i perioden 2021-2024 i snitt vart tatt opp 37 studentar til masterutdanning i musikkterapi i Noreg. Det gjev ikkje ein årleg tilvekst på 37 musikkterapeutar. For det første fell somme i frå i løpet av studieløpet, for det andre vert ikkje alle uteksaminerte kandidatar verande i profesjonen og for det tredje er det etter kvart ikkje berre nye kull med studentar kvart år, men også nye kull med pensjonistar.[3] Tar vi dei tre faktorane eg skisserte over med i vurderinga, er det truleg at arbeidsstyrken aukar med mindre enn 10 nye musikkterapeutar per år.[4] Dei fleste vil vere einige i at dette er ganske langt unna den tilveksten profesjonen treng for å kunne sikre tilgjengelege musikkterapitilbod i heile landet. Dette er eit problem for samfunn, fag og profesjon, og utdanningsinstitusjonane kan ikkje åleine stå for løysingane.
Vi har dårleg musikkterapidekning rundt om kring i landet vårt, men vi ligg ikkje dårleg an på andre
måtar. Utdanningsinstitusjonane og fagmiljøa har sidan tusenårsskiftet gjort ein kjempeinnsats for å heve kvaliteten i utdanningane, m.a. ved å gjere dei om til masterutdanningar, byggje opp vitale forskingssenter og etablere forskarutdanningar på ph.d.-nivå. Dette er massive løft som har stor verdi for faget sin relevans i samfunnet og som gjev eit solid fagleg grunnlag for framtidig utvikling av praksis, forsking og utdanning. Med dette som utgangspunkt, meiner eg at det er gode grunnar til å sjå framover og drøfte mogelegheiter for oppskalering av norsk musikkterapiutdanning.
Ei samanlikning
Kor mange musikkterapikandidatar bør vi då utdanne kvart år i Noreg? Gitt at profesjonen er under utvikling, vil ikkje tal ledige stillingar eller tal søkjarar gje oss gode reiskapar for å identifisere eit samfunnsbehov (sjølv om det er med på å definere grensene for handlingsrommet på kort sikt). Det kan vere ein betre metodikk å samanlikne med andre profesjonar. Ei gruppe som gjev eit samanlikningsgrunnlag er logopedane. Denne gruppa er litt større og litt lengre framme i profesjonsutviklinga enn musikkterapeutane er, men ikkje så mykje.
Det er fleire likskapar mellom logopedane og musikkterapeutane som profesjonsgrupper. Begge profesjonar er relativt små (850 medlemmar i Norsk logopedforbund mot ca. 250 musikkterapeutmedlemmar i NFMT). Begge utdanningane vart etablerte som vidareutdanningar i etterkrigs-Noreg og har utvikla seg i retning sjølvstendige profesjonsutdanningar på masternivå. Begge utdanningane hadde tidlegare først og fremst ein spesialpedagogisk profil, men har i aukande grad også fått ein helseorientert profil. Begge profesjonsgruppene har i mange år arbeidd for autorisasjon etter Helsepersonellova og det er gode argument for at begge kompetansane bør vere tilgjengelege i heile landet, både i kommunal sektor og i spesialisthelsetenesta.
Det vert i dag utdanna om lag 100 logopedar årleg i Noreg, ved fem utdanningsinstitusjonar: UiT, Nord universitet, NTNU, UiB og UiO. Norsk logopedforbund argumenterer for at utdanninga bør styrkast og aukast frå ca. 100 til 150 kandidatar årleg, då undersøkingar viser at det er tilsett logopedar i berre 60 % av norske kommunar. Det vert arbeidd med å generere politisk støtte for dette forslaget.
No er ei samanlikning med logopedprofesjonen sjølvsagt ikkje «eksakt vitskap». Likskapane mellom dei to profesjonane er likevel stor nok til at informasjon om logopedane sin utdanningskapasitet kan vere med på å gje retning for diskusjonen om framtidig utdanningskapasitet i musikkterapi. Skal musikkterapi verte tilgjengeleg i heile landet, vert det truleg nødvendig å tenkje minst 100 kandidatar årleg. Og like viktig: Kanskje vi har noko å lære av den beredskapen som det ser ut til å verte arbeidd med i logopedprofesjonen: Ein diskuterer behovet for studieplassar, behovet for kompetanse i ulike regionar og også behovet for fagleg styrking av utdanningstilboda. Og – ein arbeider opp mot myndigheiter og politikarar for å få belyst desse spørsmåla og få støtte til å endre situasjonen.
Korleis byggje beredskap?
Dagens låge utdanningskapasitet gjer nasjonal implementering av musikkterapi umogeleg å realisere. Det er ikkje greitt med tanke på prinsippet om likeverdig tilgang til helsetenester. Dessutan gjer den låge utdanningskapasiteten det mindre attraktivt for kommunar og helseføretak å innarbeide musikkterapi i sine planar, trass i solid forsking og nasjonale tilrådingar. Med aukande samfunnsinteresse for musikk som helseressurs, vil låg utdanningskapasitet også innebere risiko for at ukvalifisert personale får jobbar som skal kompensere for dei profesjonelle musikkterapeutane som arbeidsgjevarane ikkje får tak i. Dermed vil fleire pasientar og brukarar kunne bli utsette for ukyndig behandling.
Vi ser allereie eksempel på at musikkterapeutstillingar vert lyste ut og så forsvinn igjen, av di det ikkje kjem kvalifiserte søkjarar. Samtidig: Det er ingen stor overflod av musikkterapeutstillingar i Noreg i dag. Det er heller ingen stor overflod av søkjarar til dei utdanningsplassane vi har. Dette er barske realitetar som vi må ta omsyn til i vidare arbeid med denne tematikken. Eg ser på det som realitetar som vi best møter med handling og ei aktiv haldning.
Vi må rekne med at det vil ta fleire tiår før vi nærmar oss ei tilfredsstillande nasjonal musikkterapeutdekning. Det er vel å merke dersom vi lukkast med ei kraftig oppskalering av nasjonal utdanningskapasitet. Med dagens utdanningskapasitet vil det ta fleire hundre år. Så tolmodige kan vi ikkje tillate oss å vere på brukarane sine vegner. Ikkje bør vi ta ein så stor risiko på vegner av faget vårt heller. To opplagde spørsmål er:
- Korleis kan vi styrke arbeidet med nasjonal implementering av musikkterapi?
- Korleis kan vi løfte og samordne arbeidet med å styrke rekrutteringa til utdanningane?
Eg har argumentert for at arbeid med nasjonal implementering på eitt eller anna punkt truleg vil gje ei vending i retning fleire leiarforankra vedtak om systematisk implementering, med mindre fagfeltet vert marginalisert. Går det rette vegen, kan ting skje fort og vi vil trenge beredskap for ein raskare auke i nasjonal utdanningskapasitet. Nokre spørsmål som då melder seg, er:
- Kva oppskalering av utdanningskapasiteten er realistisk ved NMH og UiB på kort sikt?
- Kva er det sannsynlege taket for utdanningskapasitet ved desse to institusjonane?
Ut i frå faglege vurderingar, er det både relevant og viktig å styrke dei to utdanningane vi har. Det er sikkert også det som kan gje raskast oppskalering i første omgang. Samtidig, dersom det på sikt er behov for minst 100 årlege kandidatar i faget, vert det relevant å vurdere behovet for meir enn to utdanningar. Å ha meir enn to utdanningar vil også lette tilgangen til kandidatar i nye regionar og styrke kapasiteten for rask oppskalering, når/dersom det vert behov for det. Fleire spørsmål dukkar då opp, m.a.:
- Kva regionar har størst behov for å byggje musikkterapiutdanning?
- Kva institusjonar har best føresetnader for å byggje musikkterapeututdanning?
Det siste spørsmålet bør opne for meir prinsipielle diskusjonar om kva type institusjonar som vil kunne handtere ei musikkterapeututdanning på ein god nok fagleg måte, slik faget har utvikla seg. Vi har erfaring med at ein regional høgskule som Høgskulen i Sogn og Fjordane i si tid ikkje hadde tilstrekkelege rammer for ei moderne musikkterapeututdanning. Musikkterapiutdanningar må kunne gje rom for både musikkutdanning og tverrfagleg akademisk utdanning på høgt nivå. Eitt mogeleg synspunkt vil difor vere at slike utdanningar bør liggje ved breiddeuniversitet med eigne institutt for musikk.
Avsluttande refleksjonar
Vi veit ikkje når eit vendepunkt med raskare implementering ovafrå og ned eventuelt vil kome. Poenget mitt med dette innlegget er ikkje at vi må oppskalere norsk musikkterapiutdanning nett no, men at vi må vere budde på at eit vendepunkt kan kome. Vi veit ikkje når, men vi kan vere rimeleg sikre på at det vil ta tid å byggje opp faglege føresetnader og nødvendig støtte til utvikling av nye utdanningstilbod. Bør vi ikkje då jobbe med dette og vere «ferdig snakka» den dagen vendepunktet eventuelt kjem, slik at vi ikkje kjem på etterskot, men raskt kan ta koordinerte initiativ for styrking av utdanningskapasiteten?
Som presisert innleiingsvis: Intensjonen med innlegget er ikkje å formidle at «no må utdanningsinstitusjonane gjere noko.» Det er vi som må gjere noko, «vi» forstått som heile profesjonen. Musikkterapeutar finn vi i ulike roller, både som praktikararar, forskarar, rådgjevarar, organisasjonsmenneske og politikarar. Kva mogelegheiter gjev dei ulike rollene for å kunne bidra til den nødvendige diskusjonen? I denne type prosessar speler vanlegvis også interesse- og fagforeiningar ei viktig rolle. Eg trur difor at eit viktig steg vil vere at NFMT og Creo kjem meir på banen i denne diskusjonen.
Fotnoter
1. Av dei 6-700 musikkterapeutane som er utdanna her i landet er berre ca. 250 medlemmar i NFMT og berre ca. 150 er organiserte i Creo. Skal organisasjonane få den krafta og tyngda dei treng for å løfte profesjonen, vert det viktig å sjå på om vi som profesjonsutøvarar kan slutte betre opp om våre eigne organisasjonar. ↑
2. Eg argumenterer ut frå den delen av musikkterapeutprofesjonen som er knytt til helsevesenet, ikkje fordi den er viktigare enn annan musikkterapi, men fordi det er der den omtalte dynamikken er sannsynleg. Musikkterapeutar gjer godt og viktig arbeid også i andre samanhengar, t.d. i pedagogiske kontekstar, men førebels finst det diverre i liten grad nasjonale føringar som eksplisitt støttar dette. Så lenge det er slik, er det meir rimeleg å tenkje seg at endring vil halde fram med å skje med små steg i denne type kontekstar. ↑
3. På 1980-talet vart det berre utdanna 6 musikkterapeutar årleg her i landet, men allereie i andre halvdel av 1990-talet hadde vi ein nasjonal utdanningskapasitet på ca. 20. I dette tiåret var musikkterapi ei toårig vidareutdanning, slik at snittalderen på kandidatane var noko høgare enn i dag. I åra framover vert difor storleiken på pensjonistkulla ein betydelege faktor når vi skal vurdere nasjonal utdanningskapasitet. ↑
4. Polyfons årsmelding for 2024 (s. 27) viser at det i perioden 2021 til 2024 i snitt vart uteksaminert 21 kandidatar per år. Byggjer vi på Halås (2019) sitt overslag, kan vi rekne at ca. 50 % av kandidatane vert verande i profesjonen. Så må vi trekkje frå pensjonistar frå 1980-tals-kulla. Vi endar opp med årleg tilvekst på under 10 musikkterapeutar. ↑
Brynjulf Stige. Foto: UiB