Minneord om Endre Furu
Skrevet av Øystein Lydvo
24.07.2025
Endre Furu til venstre, med shaker og saksofon. Bilde tatt fra Pøbelscenen Bergen Åpen Mic på Lille Ole Bull. (Ø.Lydvo)
Tysdag 08. juli gjekk Endre Furu bort, 69 år gamal. Han vart gravlagt i Nordstrand kirke i Oslo 22. juli. Eg vart kjent med Endre som lærar på musikkterapiutdanninga på Sandane då eg studerte der frå 1995 til 1997. Endre var med på å setje preg på utviklinga av musikkterapistudiet på 90-talet. Med ein sterk musikalitet og stor musikklidenskap sørga han for at musikalsk kompetanse fekk den plassen det bør ha i ei musikkterapiutdanning. Etter Sandane gjekk vegen til Voss og deretter Bergen for oss båe og me holdt kontakten. Endre spelte på fleire Gjenklangfestivaler på Hulen, mellom anna som pianist og saksofonist i bandet Sleeping Phantasma.
Endre levde med kreft i 15 år, men som kjæraste Merete Sparre skriv i sitt minneord tapte han ikkje kampen mot kreften - han vant: «Han vant femten fantastiske år hvor han LEVDE med kreft. Han snakket med den, sloss med den, danset med den, malte den, spilte med den, elsket med den, tullet og lekte med den, slik han gjorde med alt i seg og rundt seg.»
For Endre hadde eit nyfikent og leikent forhold til musikk, og til livet generelt, som var til inspirasjon og beundring for oss som var så heldige å få vera rundt han. Han var observant og omsorgsfull og betydde mykje for trivnad og fellesskap dei åra han var med på festivalane våre. Endre budde i Oslo dei siste åra, etter at han fekk slag, og me snakka ofte om at han skulle komme over til Bergen for å spele på Gjenklangfestivalen igjen. Slik vart det ikkje, men det er godt å tenke på at Endre hadde med seg musikken til siste andedrag, at han mellom anna spelte på Rockovery-festivalen i Oslo i haust.
Bilete av Endre frå Pøbelscenen Bergen Åpen Mic på Lille Ole Bull viser han slik me hugser han: 100 % til stades i ein spontan jam session, med saxen rundt halsen, shaker i handa og danseskoa på. For som dotter Iris Furu skriv i sitt minneord: «Han elsket musikk, han levde musikk, han var musikk». Og han representerte mykje av det Gjenklang står for: Inkludering, mangfald og respekt - og ikkje minst musikkglede! Kjæraste Merete har så rett i det ho skriv; at «verden vil bli et fattigere sted for mange av oss», men me i Gjenklang vil ha med oss Endre i tankane og arbeidet vårt framover.
Takk for "jammen", Endre!
Tankane går til familien.
Øystein Lydvo, ven, styreleiar i Gjenklang og student av Endre på musikkterapiutdanninga på Sandane